fredag 1. juli 2011

Når ein bollemakar bakar...

Foto: Frøken Fryd

I dag skulle eg tøffa meg og baka boller å visa i bloggen, for eg føler egentlig at eg har rimelig god kontroll på gjærbakst. Men så fant eg ut at eg har jo ingen fancy bakeboller i stål eller flotte pastell fargar, ikkje har eg nåke særlig fine kjøkken handkle heller... Så det blir med bilder av dei ferdige bollene ;)

Foto: Frøken Fryd


Vel, etterkvart oppdaga eg at bollene ikkje heva seg slik som dei pleier, og det var jo ikkje rart, ho som meinte ho hadde så god kontroll på gjærbakst hadde gløymt å ta gjær i deigen... Så då var det å elta og kna og elta og kna og jobba gjæren inn i deigen etter at den hadde stått og "heva" i ein halvtime. Og det gjekk faktisk greit, tru det eller ei. Så då har me boller til familieselskapet på søndag likevel, utan ombakst.

Foto: Frøken Fryd
I dag har eg hatt besøk av ei god venninne, ho hadde med seg masse gode bær, så etter me hadde gått tur i fine været så satt me på terrassen og meska oss med deilige bær med vaniljesaus. Herligt! Kjekt besøk, god prat, sol og forfriskningar som attpåtil er sunne. Pretty nice, yes!

Foto: Frøken Fryd

Herr Fryd er i Vågen og koser seg med sine kolleger og ser på verdensserien i Beach Volleyball, skjønner ikkje heilt kva han vil der...? Hehe ;)

osloray.wordpress.com

Me andre koser oss i sola på terrassen og i hagen, og eg vurderer fyra i gong grassklipparen, men ikkje heilt enno kjenner eg. Først litt meir nytings og latings!


Ha ein fin-fin fredag!

1 kommentar:

  1. Haha, ler godt når jeg leser innlegget ditt om bollebaking! Jeg er veldig glad i baking og i å spise gjærbakst, men hos oss er det mannen som baker boller :) Ha en fortsatt fin uke!

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!