Ja, kva gjer deg glad?
Veit du kva som gjer meg glad? Det er ganske mykje faktisk...
Eg blir glad av å sjå denne gule puta i sofaen, ekte materiell lukke! Den er så fin og gul, som ei lita solstråle i stova. Og å parkera kinnet på den når eg skal snorka meg gjennom middagsluren er himmelsk. Den er så mjuk. Litt økonomisk glede skader heller ikkje, den kosta meg under 80,- kroner.
Utover puteglede så vert eg glad for sol utanfor også, ikkje berre sofasol. I går var det ein fantastisk dag for ein bytur, med unntak av parkeringsmulighetane da - dei var tragiske. Eli, som sjeldan er ute i god tid, kom skikkelig for seint til avtalen. Når eg køyrde ut mot byen så kom eg på at ein kollega nevnte at det var haustmarknad i byen, i tillegg til at det var laurdag og me skulle møtas klokka 13. Til og med eg la saman i hovudet at; wooopsie - kanskje det vert litt vanskelig å parkera i dag? Kanskje du skulle vore ute i bittelitt betre tid? Vel, det vart ein superduper bytur med ei god venninne - ein me hadde avtalt for lenge sidan - og været kunne ikkje ha vore betre. Me hadde god tid, det var mange folk å sjå på, me åt deilig lunsj og fekk til og med shoppa litt. Ja, shopping gjer meg glad!
Ein ting eg ikkje er spesielt glad i er å laga mat. Så på biletet over her er eg på vei til å henta litt deilig indisk take away - fy søren så herlig. Å komma heim, dekka bordet, og spisa ein herlig middag så eg ikkje har laga sjølv. Nam! Det gjer meg glad.
Til helga skal eg ein tur til Bergen, vissheten om dette gjer meg glad, og har gjort meg glad i fleire månader. Reknar med å treffa ein del av dykk også der! Eg skal bu på hotell - det gjer meg glad, eg skal bli inspireret - det gjer meg glad, eg skal treffa folk for første gong - det gjer meg glad, og eg skal treffa folk igjen - det gjer meg glad. I tilleg skal eg drikka øl - det elsker eg! Og så blir eg enno gladare når eg drikk øl, yadda!! Ikkje minst vert eg fantastisk morsom, og finare, ølbriller er eit faktum! Og sist, men aldeles ikkje minst, skal eg treffa broren min - det gjer meg veldig glad!
Ja, så då lurer eg på, kva gjer deg glad??