tirsdag 19. juli 2011

Love is all you need





Ein sånn metalltråd har eg kjempe lyst på. Eg viste den til Herr Fryd, men det vart lunkent mottatt gitt. Og så denne som er så tøff!?!?! Eg kunne tenkt meg å hatt den på soverommet, over senga. Eller kanskje i gangen? Gangen er blitt veldig fin og kvit no kan du tru, i alle fall delvis :) Når eg kjem heim att så skal eg gjera ferdig prosjektet og komma med bilder, ser veldig bra ut så langt.




Bolina.no


 

I dag kjem mormor og moffen til naustet også, ryktene seier at mormor har kjøpt jordbær og skal røra syltetøy, det blir bra! Frøken Fryd vurderer å baka boller - denne gongen SKAL eg huska å ta i gjær så eg slepp å oppleva dette ein gong til ;) 







Me hadde besøk av gode venner på naustet i går - det har vore ein sosial ferie så langt. Jammen er me heldige som har så mange kjekke folk rundt oss - det beriker livet det er bra sikkert :) Herr Fryd og onkel H lader opp til ein fjelltur til, og så reiser dei for å sjå etter kattepusane våre i Stavanger i dag ein gong.








Har du katt? Det å sjå på ein katt som søv er ganske beroligande, å ligga krølla saman i ein mjuk ball. Puster rolig og maler litt. Mjuk pels og søte poter, halen krølla rundt seg. Og så vaknar dei, strekker seg litt, skyt litt rygg, og så hoppar dei elegant opp eller ned eller bort ... Gid eg hadde vore så elegant rett etter ein lur...





Jaja, ikkje fritt for at eg nesten maler litt eg også, her på naustet, love is all you need ;)

1 kommentar:

  1. Enig, den "metalltråden" er kjempefin, har også lyst på! :) Og fint ordtak. Ha en strålende tirsdag :) Klemmer

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!