Minste Fryd'en erklæres herved som 9 åring.
Ni år.
Ni. År.
What!?!?!?!
Korleis går det an?
Korleis kan Lille Fryd'en ha blitt heile 9 år,
og Frøken Fryd har ikkje eldast i det heile?
Freak of Nature?!? Me?!?
Uansett så har me no forberedt oss i nokre dagar.
Det er blitt baka kaker.
Det er blitt baka muffins.
Herr Fryd har ordna zebra gele.
Piano har ordna vaniljesaus og sjokoladepudding.
Bord er blitt pynta.
Stolar er blitt lånt.
Mat og snop og brus handla inn.
Gåver handla inn...
På sjølvaste dagen (altså i dag) så vart bursdagsguten vekt på tradisjonelt vis,
kake med lys, bursdagssong og bursdagsgåve.
Forvirra og trøtt som han var,
og ikkje minst veloppdratt (!!)
så gratulerte han også oss med dagen.
Han ville helst gå på skulen med kvit skjorte og sløyfe.
Han dirra av spenning.
Han bygde ivrig med lego'en han fekk av oss.
Kom på at det var jo greit å ta i mot gjestene også,
så han klarte til slutt å riva seg laus.
Det blei utdeling av gåver via flasketuten peiker på.
Gjestene vart vist til bords.
Gjestene ordna sjølv pynting av muffins .
(Det er i grunn ganske koselig og kreativ aktivitet for dei)
Og så tok det av...
Ni års dag...
12 elleville gutar høge på sukker!
Det gjekk mange "liv" tapt i dag.
Dei har hatt skyteleken, og samtlige var tungt bevepna.
Sikkert politisk ukorrekt av meg å skriva dette på bloggen, eller
kanskje i det heile tatt å innrømma at her var det ikkje:
bro-bro-brille
stolleken
disco
ballongdans
kims lek
gøymespel
smake leken
Neida,
her var det rett i våpensamlingen.
Ladegrep,
inndeling av lag,
utnevning av kapteinar,
generalar,
sjefar,
oberstar,
krigerar
you name it - they fought here...
ALLE ville vera sjef
Og det gjekk kjempe greit.
Ingen var utenfor.
Alle hadde sin rolle og var fornøyd med den.
Det var forhandlingar.
Det var ubegrensa med liv.
Det var samhold.
Det var spenning.
Det var lureri.
Kosing med pusar.
Fliring av pusar som spiste popcorn i frå golvet.
Skryt til bursdagsbarnet for "schempe schekke borsdag"!
Skryt til bursdagsmor og bursdagsfar for "schempe goe mad"!
Det var skattejakt etter godis posane.
Jada, meir sukker...
Og plutselig så var det tid for å gå heim.
HERLIG! Tenkte bursdagsmor og bursdagsfar.
For det er veldig kjekt når gjestene kjem,
men jammen er det kjekt når dei går også...
No gjenstår berre ryddinga :)