mandag 11. juli 2011

Oh joy!


I dag har eg rett og slett vore og luksa meg på Nordsjøbadet Spa ved Sola Strandhotell... Oh joy! Veit ikkje om eg nokon gong har vore så avslappa?!? Fekk gåvekort hos Herr Fryd, snille mannen :)

Foto: Frøken Fryd

I resepsjonen fekk eg utlevert eit mjukt badehandkle, badekåpe og tøfler. Eg begynte herligheten med ein varm og god dusj, det var satt fram økologisk dusjgele, shampo og balsam.

Bilde lånt på http://sola-strandhotel.no/galleri-spa
Så gjekk eg i badstu, der dufta det deilig og friskt og så tok eg meg ein liten svømmetur i bassenget før eg snopa meg til enno ein dusj - iførte meg snacksy eingongs truse i papir, vikla badekåpa rundt meg og var klar for "papaya og melonbehandling med innpakning". 80 minutt med total nytings, starta med lett skrubb med ein papayagele for å fjerna død hudseller, så vart eg smurt inn med ein papaya-, melon og aloeveragele og pakka inn. Deretter fekk eg ansiktesakupressur og nok ein dusj venta. No er eg squeeky clean... No doubt! Så masserte spa terapeuten (ei kjempe skjønne svensk jenta) inn ein fuktgivande lotion og så fekk eg hodebunnsmassasje. Eg sovna.... Det var berre heilt magisk. Tenk å få sånn behandling kvar kveld før ein legg seg...


Når behandlingen var over så fekk eg servert is-te og fersk frukt, delikat dandert i ei fin lita skål. Dette må eg prøva igjen. Ser for meg at det må være ein fabelaktig anledning til å slappa av i lag med venninnegjengen for eksempel.


Før eg satte meg i bilen måtte eg berre bort på Solastranda og knipsa nokre bilder - det er så fint der... No skal eg nyta resten av dagen!

Ønsker dåke ein mjuk og avslappande mandag ettermiddag og kveld!

Klem Eli

6 kommentarer:

  1. Hei. Så du spurte jordbærpiken om hvor metalltråden over sengen er fra. sjekk ut: http://www.dixie.se/budskapmetalltra.html, traktøren og ting videreselger disse. Sjekk også ut http://nettbutikk.bolina.no/interior/metalltrad-hvit-love-is-all-you-need-stor.html

    Klem :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tipset, Fru Lund :)

    Klem Eli

    SvarSlett
  3. flotte bilder :) høres jo helt fantastisk ut !

    SvarSlett
  4. Så fine bilder! :) Kos deg med ferie snart du også.
    Klem Anine

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder, Eli ღ og så flott header du
    har laget deg - bare glad jeg kunne være til
    hjelp :) Er det noe annet så bare spør...
    Flotte bilder i innlegget under her også, jeg
    bare elsker lilla - har dessverre ikke så mye
    av det hjemme hos meg, men det kommer vel etter
    hvert tenker jeg ;) Ønsker deg en fortsatt fin
    uke og sommmer. Klem fra Mette

    SvarSlett
  6. Så utrolig vakre omgivelser og så deilig med spa! Jeg fikk også gavekort på spa av mannen til bursdagen min i juni og gleder meg til å bruke det :) Klem

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!