torsdag 30. juni 2011

Hipp hipp hurra!

wallpaperstock.net

I dag har Herr Fryd bursdag, hipp hipp hurra for Herr Fryd! Eg er spesielt stolt av kaka eg har baka i anledning dagen :)



Neeeida, den er det nok ein eller annan fabelaktig flink konditor som har baka, fant den på google.com. Her blir det ikkje meir spenstig enn skuffekake, type sjokolade, men med nydelig snope glasur. Og eg klapper meg stolt på skuldra over dei gode tilbakemeldingane eg fekk i frå gutta boys i hagen som no spretter opp og ned og opp og ned på trampolina, fulle av sjokoladekake energi.





Dagen er ellers feira rolig i heimen, me tar det att på søndag då blir det familieselskap og Frøken Fryd skal prøva seg på å baka Pavlova... trur eg... Det blir første gong, men dei er så gode og ser så delikate ut, må prøva :)


No skal eg ein runde rundt i blogglandia og kosa meg med oppdateringane på mine favorittbloggar :)

2 kommentarer:

  1. Hei du:)
    tusen takk for den fine kommentaren i bloggen min, jeg ble så glad :)
    og da fant jeg jo din blogg også! Utrolig fin inspirasjon!
    Ha en fin fredag!
    Klem fra Silje

    SvarSlett
  2. Tusen takk, no blei eg glad :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!