|
Så enkelt, så vakkert, så til dei grader å få klump i halsen av... (heime hjå Karianne) |
Eg veit seriøst ikkje kvar eg skal begynna...
Men eg har altså vore på Bloggtreff i helga, på Haugalandet, hjå
Karianne.
I lag med
Maia har ho sidan januar i år planlagt dette bloggtreffet for 48 andre bloggerar.
Laurdag 1. juni var dagen då det braka laus, då alle forberedelsane enda opp i eit heidundrande treff.
Så mykje energi var det samla i Viksemarka at me utløyste ein nordavind av ei annan verd.
Og for eit syn som møtte oss i Viksemarka...
Naturen!
Beliggenheten!
Huset!
Bassenget!
Pynten!
Borda, ballongane, blomane, gåvene, champagnen...
|
Vidunderlige Heidi orienterer seg |
Med god hjelp i frå
Anett og
Lotta hadde Karianne og Maia dekka nydelige bord, pakka 50 (!) goodiebager, rydda, stæsja, organisert, koordinert, bert, sjaua - ja - eg veit ikkje kva dei
ikkje har gjort før me kom. For alt var gjennomtenkt, på plass og me berre tok i mot, tok i mot og tok i mot...
|
Fine Netta sjenker champagne, rosa bobler såklart! |
|
|
|
Vakker som ei hulder tar Karianne ordet og ønsker oss velkommen med ein herlig, humoristisk tale.
For ei dama! Ho har ein heilt magisk personlighet, ho har den evnen, som ikkje så mange har, til å få dei rundt seg til å føla seg heilt spesielle og ekstra levande.
Og så gjekk det slag i slag med fantastisk mat frå
Widvey's Catering, det var berre enormt godt!
For ei absolutt heilskjønn dama!
Knakande kjekt å høyra om korleis ho har kome dit ho er i dag, ho hadde med seg den nyaste kolleksjonen. Dei nye fotoprint sjala er berre heilt nydelige med motiv i frå norsk natur, blandt anna Kvitsøy.
|
Kristine Vikse |
|
Litt av den nye kolleksjonen til Kristine Vikse |
|
Eg elsker dei nye fotoprint sjala til Kristine Vikse, og eg elsker yndige Kjersti som held sjalet! |
Så var det nette, fine
Hedda frå Crush Concept sin tur.
Eg elsker tanken bak Crush Concept, med skikkelig ting, skattar som du kjøper fordi du verkelig og inderlig ønsker deg dei, og som du aller-aller helst har livet ut og gjerne gir vidare til neste generasjon. Også etikken til Crush Concept varmer, fokus på
bærekraftig handel er noko me alle støtter! Hedda var herlig engasjert i dette, og det smittar.
|
Hedda - Crush Concept |
Så vart det romantikk i lufta når Cathrine kom for å fortelja om
Bryllupsbyrået og arrangementene ho tryller fram der. Eg trur kanskje at ho har verdas kjekkste jobb? Det er ikkje berre bryllup, men jenteturer, dåper, konfirmasjoner, inspirasjonsturer... Også ho gløder av engasjement og satte nok griller i hovudet på 50 bloggerar, blandt anna arrangerer ho ein tur til Italia til hausten som mange fablar om no.
|
Cathrine (foto lånt av Maia) |
Innimellom foredraga snusa me rundt i den fantastiske heimen til Karianne.
Eg drøymer enno om den. Alt var berre aldeles gjennomført, perfekt balansert, personlig, lekent, lekkert. Det var "Wow!" faktor i alle romma. Eg elsker det! Men sidan dette innlegget verkelig ser ut til å verta meir enn langt nok deler eg mine utvalgte glimt til seinare. Burda knipsa mykje meir, men med så store auger så hadde eg nok med å ta inn alle inntrykka... Du finn sjølvsagt mykje
her på Karianne sin blogg, MittSitt.
Til slutt kom ein spesiell spesial, nemelig ekteparet Eva Mariann og Trond Amundsen frå
Amundsen Spesial. Dei var heilt herlige! Jada, eg veit at adjektiva mine går i skjønne, herlige, nydelige, yndige osv osv i dette innlegget. Men det er heilt sant! Trond og Eva Mariann kom rett i frå eit anna oppdrag, men dei var så fraishe og fine, oppmerksomme og engasjerte. Trond fortalde om historien til Amundsen Spesial, han er tredje generasjon (om eg ikkje huskar feil) og han ønsker å vidareføre verdiane til sine forgjengerar. Ein av idèane til Amundsen Spesial er at så mange som mulig av sansane skal pirrast; syn, smak, duft... Dette fekk me absolutt med oss då me besøkte butikken i Haugesund, så fin å sjå på frå utsida, så lekkert presentert på innsida, den deilig dufta som møtte oss då me kom inn, designet på varene... Ja, og så dei spesielle Amundsen Spesial'ane då. Heldigvis for alle oss som ikkje held til i Haugesund så åpnar dei nettbutikk i desse dagar, det kan me lika!!
|
Eva Mariann og Trond frå Amundsen Spesial |
|
Frå Amundsen Spesial sin stand på Bloggtreffet |
|
Frå Amundsen Spesial sin stand på Bloggtreffet |
Men no set eg strek for i dag.
Dette innlegget er allereie for langt, men det er vanskelig å begrensa seg når ein er så full av inntrykk og vert så engasjert av desse gründerane som er lidenskapelig opptatt av det dei har skapt og driv med.
Eit foreløpig rungande TUSEN TAKK til alle som var med i går, det var ein kveld eg kjem til å minnast.
Det kjem sjølvsagt fleire innlegg frå dette treffet :)