Foto: Frøken Fryd |
I dag har me feira Herr Fryd sin bursdag i lag med svigerfamilien og Frøken Fryd har for aller aller første gong prøvd seg på å baka ei Pavlova... Det gjekk kjempefint takk vera Marit med den flotte bloggen Som mine dager er, her finn du ei steg-for-steg forklaring, med bilder, heilt supert. Ellers også ein flott blogg :)
Foto: Frøken Fryd |
Eg måtte baka ny sjokoladekake, den eg laga på torsdag forsvant meget fort, og verdens skjønnaste nevø kom også for å feira Tøyse Onkel i går og han er veeeeldig glad i "lade-kaga" :) Han hadde vore på besøk hos mormor og morfar i helga, og når dei kjørte mot Stavanger så spurte mormor om dei skulle kjøra heim til huset hans no, og då sa han "nei, te tante Æli å få lade-kaga"... *smelt*
Herr Fryd fekk flotte gåver, no blir han så velkledd og velduftande at det er ikkje måte på :) Og me hadde ein herlige og sosiale søndag ettermiddag med familien, fekk ledd mykje. Men sola lot venta på seg... Klesvasken som eg hengte ut på lørdag ettermiddag heng enno og tørkar seg, det var nemelig ein del sluser som åpna seg i eit uoppmerksomt øyeblikk og alt på snora vart kliss klass, men dagen i dag ser lovande ut.
Foto: Frøken Fryd |
Eg har vore og snopa meg litt Tine K kermaikk til kjøkkenet, og måtte berre visa det fram. Eg har vore på ein herlige butikk på Sola som heiter Bohemia, berre eg kjem inn der kjenner eg kor velværet senker seg. Eg berre nyter å få vera der og sjå på alle dei fine tinga, høyra den behagelige musikken og snusa inn den gode energien og atmosfæren *sukk*.
På kjøkkenet har eg også ein flott gammal kjeks boks i frå Sætre, den har eg fått av pappa og han har fått den av si mamma. Farmor kunne overhodet ikkje forstå kva pappa ville med den "stygge, gamle boksen" - men eg er super glad for at han såg kor fin den er, og no står den på kjøkkent mitt og pynter opp. Eg bruker den til å oppbevara kakemenn-former, så vips - den er jo praktisk også i tillegg til å vera sjarmerande fin :) Og så tenker eg jo på pappa og farmor kvar gong eg ser den - reine kinderegget denne boksen ;)
Foto: Frøken Fryd |
Av mamma har eg fått Norge glass, ho hadde ei heile eske full på garasje loftet. Eg var hos ei venninne og såg at ho brukte desse til oppbevaring av stearinlys og telys, både dekorativt og praktisk. Så har eg dei for hånda, for her hos oss blir det altså brent ein del lys i løpet av eit år, sommar som vinter.
Men no vurderer eg sterkt å finna meg ein kopp kaffi som eg skal drikka av ein Tine K kopp (såklart) og så skal eg kosa meg med eit stykke sjokoladekake, det går eg fort av meg når eg tar meg ein Power Walk etterpå ;)
Ha ei flott veke!
Hei Eli:-) Inne å snikkikka. Dette ser bra ut:-) Skal lese meir i kveld når eg har tid. God klem:-)
SvarSlettÅ, de TineK skålene er bare nydelige! Gratulere!
SvarSlettTakk for så fin tilbakemelding i bloggen min, det varmer!
Gleder meg til å følge deg videre!
Klem silje
Hei og takk for koselig kommentar i bloggen min i dag! :) Kjekt å lese om bursdagsfeiring i familien din. Vi hadde full feiring forrige helg, med både min og mannens bursdag pluss bryllupsdag. Og så bra at du skriver på dialekt! ;) Er selv vestlending, utflyttet til Østlandet. Fra Vestlandets hovedstad, hvis Bergen fortsatt regnes som det :) Har lagt meg til som følger på din blogg, spennende å følge med videre. Fortsatt fin uke!
SvarSlett