Foto: Frøken Fryd |
Me er på naustet, me har ferie, me har det godt! Det er varmt, sjøen lager klukkelyder mot brygga, fjerne måkeskrik, me er i lag... Før trudde gutane at det var eit troll under brygga, og at klukkelydane var når trollet drakk - no veit dei betre ;)
Foto: Frøken Fryd |
Gutane har vore her ei veke før me kom, dei har kosa seg hos moffen. Dei har hatt rolige og fine dagar med sol og fisking. Dei har vore ute i båten, fanga krabbar, dei har bada og blitt kalde og dusja mange 100 liter varmt vatn etterpå. Ikkje nåke mas - berre kos.
Foto: Frøken Fryd |
Bordet som dette blomehjertet ligg på har pappa laga av gamle båtluker, stilig!!
Foto: Frøken Fryd |
Her på naustet er det paradis. Kvilepulsen senker seg, munnvikane krøller seg oppover, tankane roar seg og kropp og sinn kjenner på lykka. Balsam for sjelen, det er det det er å få komma hit. Å berre være...
Foto: Frøken Fryd |
Den blå- og kvitstripete puta har pappa fått frå farmor, nydelig, ikkje sant? Den er skikkelig gammal.
Foto: Frøken Fryd |
Eit gammalt tau som pappa har hengt opp på naust veggen. Ein annan dag skal dåke sjå fleire av dei fine detaljane her :)
Foto: Frøken Fryd |
Foto: Frøken Fryd |
Fortsatt god laurdagskveld :) Tilbake til meir nytings!
Klem Eli
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!