... men ikkje kva du får.
Ein frase, ein klisje, men å så sant det er!
Så trygt og godt det hadde vore å stå på stedet hvil,
ikkje prøva nye ting, ikkje la seg utfordra, halda seg til det
ein kan, det ein veit, det som er forutsigbart.
Booooring...
Denne frøkna her skal starta i ny jobb i mai.
Etter sju år på ein kjent og trygg arbeidsplass,
eg kjenner veien
(eg er litt rar på dette med å finna fram, gjer meg sååå nervøs)
eg kjenner kollegane mine
eg kjenner arbeidsoppgåvene mine
eg kjenner til kva som er forventa av meg
og no
no er det tid for noko nytt!
Spennande prosessar å gå gjennom.
Sånn reint personlig.
For eg veit kva eg har, men ikkje kva eg får.
Likevel, no når valget er tatt, så er eg heilt rolig.
Eg er trygg på at det valget eg har tatt er veloverveid og riktig.
Spent og forventningsfull - ein smule utålmodig...
Men før valget er tatt, ja då er ein eit vaklande og
usikkert spørsmålsteikn. Litt redd, litt avventande.
Vaklar frå ja - nei - jo - tørr ikkje - ok då - mja - let's do it...
Veier for og mot, ulike scenario utspeler seg bak pannebarken,
lister vert skrivne - dei berømte for/mot listene ein må ha for å sjå,
ein prøver å finna teikn for at ein skal bli, teikn for at ein skal gå.
Då er det godt å ha ein sparringspartner.
Ein som kjenner deg godt.
Ein som kan gi gode og veloverveide råd.
Ein Herr Fryd.
Ei mamma.
Ein pappa.
Gode venner.
For ting vert lettare å takla når ein kan dela utfordringane.
Problem vert mindre, lettare å sjå, lettare å takla når ein kan
ha ein sparringpartner. Av og til er det nok å seia ting høgt, og så
ser ein sjølv løysinga. Av og til treng ein kasta utfodringa fram og tilbake
for å utfordra den tilbake. Synleggjera den. Løysa den.
Og så tar ein eit valg.
No gjenstår det å sjå om det var det rette.
Eg trur det. Eg er ganske overbevist om det.
Klar for nye utfordringar.
Forventningsfull.
Kom mai du skjønne milde...
Eg er klar!