Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg

torsdag 19. september 2013

Om å toppe Tobias...






Jada, me har toppa Tobias...!
Ok, så hadde Tobias eit mega kult tårn - men han har ikkje nubbesjans mot tårnet vårt.  Nope!

Trur dåke for eksempel at Tobias hadde ei så majestetisk seng?
Hm??
Eller at han hadde Mozart kuler på puta?
I don't think so...







Ser du "kommoden" til venstre for senga?
Nødutgang...
Jepp, seriøst! Nødutgang!
Nøkkelen hang i ein raud boks som me diverre ikkje kunne åpne med mindre det var eit nødsfall.
Og heftig nyskjerrighet er nok ikkje nødsfall stort nok...
Dette tårnet i slottet Schönburg var berre heilt enormt stilig!
Heile slottet var jo det.
Eg gjekk meg vill.
Jada, og ikkje berre ein gong.
Heile tida oppdaga ein nye krinkelkrokar og tøffe detaljer.







Utsikt i frå alle kantar!

Me hadde balkong også.
Det var så høgt at me vart svimle utpå der...
Litt anstrengte smil, men det var litt euforisk å vera utpå der også...!










Kva synest du?
Toppa me Tobias, eller?




fredag 26. august 2011

Ut på tur - aldri sur...





Mykje fint å sjå når ein er ute og går i den flotte naturen vår :) Herlig å være i gong med power walks att... Og herlig å ha verdens beste Veronica som motiver når fredagskomaet senker seg hos Frøken Fryd!






Hausten nærmar seg, eller er den her? Fortsatt litt sommarfargar å sjå ;)



Klem klem :)

torsdag 11. august 2011

Gatekunst





Ok, eg er i gong igjen... Eg har vore ute og hatt ein power walk i fabelaktig sein-sommar vær :) Har eg vore lat i sommar? JA. Er eg ute av form? JA. Var det på høg tid å begynna å gå tur att? JA. Var det godt? Åh, ja!

Gjekk forbi denne røffe gatekunsten, måtte berre dela...Steintøff!


Klem Eli

onsdag 6. juli 2011

Duft av sommar

Foto: Frøken Fryd


Lillebror og eg har vore på tur i fjøra i dag. Me er så heldige at me bur berre ein bitte liten rusletur frå sjøen. På veg til fjøra stoppa me og snusa inn deilige sommerdufter, og Frøken Fryd såg ein heil stabel med gamle euro paller som er herlig værbitte... Ein dag skal eg ta mot til meg og høyra om eigarane kunne tenka seg å kvitta seg med eit par, men det spørs om Herr Fryd er med på idèen. Kom ikkje på å ta bilde av dei, det får bli i neste vend.




Foto: Frøken Fryd


Lillebror hoppa og spratt med den største letthet frå stein til stein og fant den eine skatten etter den andre. Frøken Fryd snusa inn sjøduft og følte seg svært fornøyd med livet! Og jammen fant eg ikkje skatter eg også. Dei skjøraste fine små blomster som koser seg på svaberga.



Foto: Frøken Fryd


Det var varmt og godt i lufta, sola våga seg fram og me hadde ei herlig stund, lillebror og eg. Og jammen har dei ikkje lova enno betre vær i morgon. Fryder meg!



Foto: Frøken Fryd