søndag 21. august 2011

Saras Nøkkel

Google.com




Har du lese "Saras Nøkkel" av Tatiana de Rosnay? Eg las den i vår, det vil sei, slukte, er vel eit betre ord. Det er ei utrulig gripande historie om vesle Sara som vert tvinga til å låsa veslebror sin inne i eit skap dei pleide å ha gøymespel i då det franske politiet kom for å deportera familien hennar i 1942. Familien hennar var polske jødar og vart stua i lag med tusenvis av andre franske jødar på Vel d'Hiv (Velodrome) i påvente av deportering til konsetrasjonsleirar. Dette er ein skamplett i fransk historie, og den har ikkje vore særlig belyst før boka til Tatiana de Rosnay kom ut. Deporteringa vart gjennomført av det franske politiet. Parallellt med vesle Sara si historie følger me journalisten Julia Armond, amerikansk og gift med ein fransk arkitekt. Ho får i oppdrag å laga ein reportasje i forbindelse med 60 års markeringa av Vel d'Hiv, og tilfeldighetar gjer at ho fattar interesse for Saras historie og vert besatt av å finna ut av korleis det gjekk med den vesle jødiske jenta.

Boka er umulig å legga i frå seg, du blir berre driven vidare. Historia er brutal, og det er hjerteskjærande å lesa. I kveld har eg sett filmen, eg vart ikkje skuffa.



Google.com




For eit års tid sidan reiste eg til Krakow med to venninner, me besøkte blandt anna Auschwitz, det var første gong eg såg ein konsentrasjonsleir, og det var veldig sterkt. Det er usedvanlig ubehagelig å sjå bevis for dei grusomhetane som gjekk føre seg, alle skoa som vart samla... såg eit par nydelige små jente sko, raude med reim... I store rom med glas foran har dei samla saman  hår, trur det var 2 tonn! Briller, koffertar... I glassmonter såg me dokker, tåteflasker. Det er grusomt, heilt grusomt. Og det er ein del av historien.









Vart visst eit litt dystert innlegg dette, beklager det altså. Men Saras Nøkkel er ei bok eg varmt anbefaler!

Normalt så les eg helst krim egentlig, men har i seinare tid kosa meg stort med bøker som Barnepiken, Den Glemte Hagen, Øya, Hjemkomsten, Senor Peregrino, Drømmehjerte... No venter eg på at La Peregrina skal dumpa ned i postkassa vår.

Kva liker du best å lesa, og har du nokre tips til meg medan eg ventar på La Peregrina?

Klem Eli (LESEHEST)



5 kommentarer:

  1. Ja kan tenke meg at den boken og filmen er gripende! Jeg har alltid vært ganske interessert i andre verdenskrig, bl.a fordi min bestefar deltok i den første Shetlandsgjengen. Har besøkt Holocaustmuseet i Washington DC flere ganger og så mye av det samme som du så, bare at din opplevelse var sikkert mye, mye sterkere siden du faktisk var i en ekte leir. Jeg leser lite annet enn blader for tiden, med to små får jeg ikke helt roen med bøker føler jeg :) Men yndlingsforfatteren min er John Irving, anbefales på det varmeste! Siste boken jeg leste var ellers Lykkeprosjektet av Gretchen Rubin, anbefales også veldig! Har vært lenge på New York Times bestselgerlisten. River meg litt i håret her nå, siden det er over to timer siden jeg publiserte et innlegg og enda vises det ikke på bloggruller og NIB. Finner ikke ut hva problemet er, dette har vedvart noen dager nå, hmmm. Jeg vet at innlegget er publisert og synlig, siden jeg fikk en kommentar like etterpå. Jaja, ordner seg vel. I morgen er det en ny uke og nye muligheter :) GOD ukestart til deg og dine! :) Klem og smil

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt med gode boktips. Takk, den må jeg nok lese! Jeg leste nettopp "Øya" av Victoria Hislop. Den likte jeg veldig godt. Kjekt å lese noe som faktisk har hendt.
    Håper du får ei flott uke og takk for superhygglige kommentarer hos meg!
    Klem :-) Heidi

    SvarSlett
  3. Hvis du likte den glemte hagen, trur eg du kjem til å lika "tilbake til Riverton" og "en svunnen tid" frå same forfattar. Ellers er "den trettende fortellingen", "boktyven" (frå andre verdenskrig) og "vindens skygge" nokre av dei vakraste bøkene eg har lese. Likar du krim må du lese Flavia De Luce bøkene av Alan Bradely. Eg leste to på Kreta (berre to som er komen på norsk foreløpig, men det er gjeve ut tre) Eg DIGGA dei. Dei er ikkje for barn, sjølv om heltinna er 11 år;-)

    Fortset gjerne med bokinnlegg! Eg treng tips utover hausten:-)

    God klem:-)

    SvarSlett
  4. Åhå tack för tipset! Den måste läsas, verkar vara precis i min smak.

    SvarSlett
  5. Kom på to til som eg ikkje hugsa om du hadde lest: "vann til elefantene" og "historikeren". Alle gode bøker for haust, pledd og kopp te/glas med raudvin:-)No forventa eg eit anbefalar-desse-favorittbøkene-mine-innlegg i retur altså;-)

    -E

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!