søndag 14. august 2011
Helg i gode venners lag
Oj... det er visst søndag alt!?! Koss gjekk det til? Me har hatt ei aldeles vidunderlig helg, været har vore fint når det var aller kjekkast at det var fint, det er blitt nytt ute i to dagar til ende. Gode venner har vore på besøk, dessverre mangla me to - men planar er allereie lagt for å møtas att før hausten er blitt alt for gammal og då håper me at alle åtte er i form :)
Denne helga er det mannfolka som har stått for maten, dei har planlagt, handla og laga maten, ganske digg i grunn. Me damene var på shopping og lunsj på Food Story og kosa oss ein heile haug, mannfolka var på butikken og handla mat, grilla pølser, drakk øl og konjakk og spela Kubb og kosa seg ein heile haug. Vinn vinn!!
Over ser dåke spisebordet vårt delvis dekka på enklaste vis - einaste bildet eg har tatt denne helga... Me hadde nydelig grillmat, salat, ris, båtpoteter og potetsalat. Nam nam! Etterpå satt me ute til longt på natt med bålpanne og tente lykter.
Eg håper at dåkas helg har vore like suveren :)
Klem Eli
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det var en genial måtte å arrangere vennetreff på!!! DEN kopierer jeg;-) Klem Karlotte ( og hvis du lurte, det var av den riktig gode klemtypen<3 )
SvarSlett