torsdag 4. august 2011

Pimp my Ikea





*Tada da daaaa!* (fanfare...)

Frøken Fryd sin første DIY ever! I have pimped my Ikea :) Blei det vel ikkje fint? Eg er kjempe fornøyd. Tre strøk med magnetmaling og så to lag med tavlemaling + ny knott - og så har me eit skap som unikt og heilt vårt.










Eller er det kanskje litt drøyt å kalla det DIY når eg berre har pimpa det? No har Herr Fryd og eg vore og handla bålpanne, så no skal me ut i hagen og spidda pølser og kosa oss i lag med gutane. Om det vert nokre gode bilder utav ei rik stund så skal dåke få vera med i morgon :)









Gongen tar meir og meir form også, får opp litt bilder no og då og litt sommerfuglstemning. Happy happy med det også. Me har tenkt å prøva å pussa ned og mala dørene og skifta handtak på dei i staden for å kjøpa nye dører og karmar - det blir neste prosjekt.

Me nyter dei siste feriedagane, har fått nydelige lille Fiona puse frøken på besøk så no er det liv i leiren her dei neste to vekene. Gamle pusane får kjørt seg, ho har mykje energi!

For dei av dåke som ikkje har feire, tjohooo no er det snart helg, for dei som har ferie - nyt det :)

Ha ein fantastisk dag, klem Eli

7 kommentarer:

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!