Gullfine
Anna-Malin er blitt sjuk, og treng litt oppmuntring, eg tenkte som så at eit boktips eller to eller tre kunne være på sin plass når ein må halda senga ein periode...
 |
Foto: henta hos krimklubben.no |
Første tips ut er "Stormenes Tid" av Ken Follet, den er utgitt i to bind;
- Katedralen
- Sverdet og Korset
Dei er kjempe spennande, den typen bøker du (eller i alle fall
eg) sluker! Me er i England på 1100-tallet. Landet er splitta av borgarkrig og plaga av svolt og religiøse motsetningar. Men ein praktfull katedral vert likevel bygd i Kingsbridge. Oppføringa av katedralen vert skjebnesvangert knytta til liva til dei som bur i området.
 |
Foto: henta hos bokklubben.no |
Når desse to bøkene er slukt så fortsett gjerne med "I all evighet" av samme forfattar.
Historia her finn stad 200 år seinare i året 1327. Me er i den engelske byen Kingsbridge to århundre etter at katedralen blei bygd i
Stormenes tid. Det er natta til Allehelgensdag, og åtte år gamle Gwenda får ikkje sova. I morgon skal ho ut og stjela. Hun er dotter av ein mann som har fått ei hand hogd av fordi han vart tatt i å stjela. Han reknast verken som fullverdig mann eller arbeidskar, eig ingenting, og får berre tilfeldig sesongarbeid. Gwenda er eit av hans fem born som svelt. Den eldre bror hennar har stått for stjelinga i det siste, men han er blitt for stor. Gwenda er liten og uskuldig. No er det hennas tur.
 |
Foto: henta hos bokklubben.no |
Og sidan eg er inne på Ken Follett allereie... "Kjempenes Fall"... Me følger fem familiar frå USA, Russland, Tyskland, England og Wales gjennom første verdenskrig og den russiske revolusjon. Første bind i ein trilogi om det 20. århundre, som kombinerar episk historiefortelling og klassisk spenning.
Åh - eg gleeeeeeeeder meg til den neste kjem ut.
Då, kjære
Anna-Malin, håper eg at du vert snart frisk, og at du kanskje kan få tida til å gå ved å lesa litt? Og husk, du kan sikkert få din kjære mann til å skaffa lydbøker også :) Om du vert fanga i Ken Folletts univers - husk å sleng ut eit innlegg no og då ;) Me saknar deg, skjønt fine
Emma er tidenes gjesteblogger!
God-bedring-klem frå Eli