![]() |
Hadde kettlebell vore noko for meg måtte eg sjølvsagt hatt ei slik kule... Bilde lånt her. Note to self - MÅ øve på dette frekke blikket!! |
Utrulige bragder kan utførast ved hjelp av motivasjon. Ein av desse bragdene er at Frøken Fryd troppa opp på ein kettlebell time. Det skjer aldri igjen! Motivasjonen var sjølvsagt å bli tight og snasen, helst i går. I dagevis etter timen såg Frøken Fryd ut som om ho var 80+, det var ei stor utfordring å gå ned trapper, setta seg på do eller ned på ein stol. Motivasjonen med å faktisk GÅ ned trappa heller enn å kasta meg utfor slik eg følte for etter første trappretrinn, er jo at sjølv om du alltids kjem ned så er det rett og slett ikkje heldig.
Men over til timen... Altså, me måtte ta spensthopp! Når eg hadde slete meg gjennom denne timen med kettlebell, svinga og løfta og vridd på desse hekkans kulene og trudde me var ferdige så fekk me beskjed om å ta 50 spensthopp. WHAT!?! I do NOT do spensthopp!! Eg vurderte å spør trenaren om han var klar over kor mykje kropp eg måtte setta i bevegelse for å utføra eit slikt hopp. Men beit det i meg, heldigvis altså. Ser for meg eit øyenbryn longt oppunder luggen og kanskje eit motspørsmål à la: "kanskje du skulle tenkt på det før du slutta å trene og begynte å SPISE!?!". Så det lot eg være, ja... Å herregud så tungt det var! Og så lukta det jern av hendene mine etterpå. Fysjom.
Og ikkje nok med det, men fisedama i frå spinning var der også! No er eg blitt så erfaren at eg alltid
stiller meg i motsatt diagonal som denne høytrykksberta, men ein snek av lavkarbo-fis kom i min retning også ja... Jeeez, ho ser jo veldig tight ut - men burde heilt klart vore justert kraftig bak, snakk om slark... Kanskje eg kan montera ei slik søt lita mobil vifte, Hello Kitty for eksempel, på styret på spinningsykkelen i tilfelle eg tross alt kjem bak ho på mandag? Så kan ho få den godlukta si rett i retur. Vær-så-god-og-takk-skal-du-faen-meg-ha! Frøken Fryd; alltid beredt!!
For spinning er fortsatt kjekt. Det er kjempe kjekt! Og eg har ingen problem med
å motivera meg til å stilla på dei treningane. No treng eg berre forslag til andre
oppstrammingstimar, slikt som får dvaske grevinne-armar, micheleng magar,
og ryggkoteletter til å fordampa. Og slepp ut den nye, "taite" og smekre Frøken Fryd.
For eg veit at ho er der inne ein stad, antageligvis...
Bring it on, folks! Bring it on!