onsdag 29. juni 2011

Soverom

Eg drømmer om nytt soverom og surfer nettet etter inspirasjon. Me har gjort ingenting... nada, nichts, nothing-what-so-ever (!!!) med soverommet etter at me flytta inn for tre år sidan, og det er overhodet ikkje det første rommet på ventelista, men det skadar vel ikkje med litt forbereding ;)

Ved eit inspirasjonssøk på nettet fant eg dette delikate soverommet, så lyst og lett...


...samtidig så elsker eg kontrastane i dette bildet, svart og kvitt med det friske grønne!

Eg vil ha ein personlig og koselig bildevegg over senga, eller på ein av dei andre veggane, gjerne ei blanding av familiebilder, plakatar og ikkje minst kunst produsert av våre vesle, svært kreative og produktive Erlend. Fant ein kul bilde-vegg på nettet (google.com) og å laga eit bilde av bildene slik som det er gjort her er berre så lekkert.


I senga vil eg ha eit dust og rolig sengesett i f. eks grått... Som dette i frå Høie for eksempel.



Så hadde det jo vore kjekt å style senga til også med litt lekre pynteputer i pudderfargar som toner ned litt...? 



















Og dermed oppstår behovet for oppbevaring når Herr og Fru Fryd skal ha skjønnhetssøvnen sin, det er då desse lekre Tine K korgene kjem så hendig inn...


Eg såg inne på bloggen til Anna Lena (http://annaleenashem.blogspot.com/) at ho hadde spraymåla desse svarte, og det var heilt etter mitt hjerte.

Og når eg først er inne på Tine K... åh... sukk... eg simpelthen ELSKAR hennar design! Me må jo ha lys på soverommet, så kva med nokre lekre lampar?



Og lyslykter...?



Jepp, jepp... Her er det berre til å hiva seg rundt å få unna andre prosjekter slik at ein kan drømma i drømme soverommet snart ;)

1 kommentar:

  1. Hei! Takk for koselig kommentar! Gleder meg til å følge deg videre og ;)
    Klem c.

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!