tirsdag 27. august 2013

VM i idiotkøyring!




Eg undrast over kvifor ein har valgt å arrangera VM i idiotkøyring på motorvegen her i Stavanger.
I tillegg så undrast eg over kvifor ein har dette arrangementet kvar dag...
For det første så er det jo ein særs ueigna stad å putla på med slik galskap.
For det andre så vert det særs upraktisk for oss andre sjåførar å forholda oss til.

I dag for eksempel, når eg køyrde heim frå jobb, så var det to av deltakerane i VM i idiotkøyring som tok sats i fartsaukefeltet og kappast om å vera førstemann forbi høgrefeltet og over i fartsfeltet. Begge to kom seg til fartsfeltet da, men berre den eine kom først. Ein annan deltakar, som låg i høgre feltet, trudde at eg var ekstremt intuitiv. Han hadde tenkt seg over i fartsfeltet, der eg låg,  og rekna med at eg visste dette. Difor var det heilt unødvendig av han å signalisera med blinklys, sjekka at eg hadde oppfatta situasjonen, eller om det var praktisk mulig for han å svinga veldig kjapt til venstre og legga seg foran meg. Heldigvis så har eg instinkt, eg har ein hjerne som sendte eit signal via ymse nervebaner og ned i min venstre fot slik at eg kunne bremsa farten og hindra at bilane våre vart klistra i saman. Det er så upraktisk i slik høg fart, i tillegg så vert det veldig dyrt og ikkje minst lang kø for dei andre bilistane som vil heim til middag når me sprer bilane utover i begge felta på motorvegen.

Ein annan interessant ting på motorvegen er eigerskapen sjåførane har til feltet dei ligg i. Eg har alltid trudd at dette skiltet betyr fletting:







Men no tok jo eg sertifikatet på Stord, og det har antageligvis ei anna betydning her i Stavanger. Eg trur kanskje at her i Stavanger så betyr det skiltet at du må komma deg inn på motorvegen så fort som f*en, ikkje bruk fartsaukefeltet, køyrer du til enden av fartsaukefeltet så er du fu*ked, då får du ikkje komma innpå motorvegen og rykker tilbake til start utan å få utbetalt 1 million...

Avstand til bilen foran er også noko som gjer køyringa ekstra spennande, av og til så tenker eg at kanskje bilen bak ikkje har egen GPS og treng å bruka min og at det er difor dei kjem så nær. Eller også er det det at dei likar meg ekstra ekstra godt og berre vil vera så nær meg som overhodet mulig - det er nok den mest sannsynlige forklaringa sidan vår GPS er relativt liten og plassert nede i venstre hjørne av frontruta. Ja, forutan at eg er usedvanlig likandes då, såklart...

Medan eg er inne på dette med køyring i Stavanger så kan eg jo bevega meg ut av motorveien og inn i ei rundkøyring. I Stavanger er det om å gjera å ha høg fart inn i rundkøyringa slik at du vert førstemann, då har dei andre sjåførane vikeplikt for deg. Alle blinkar seg inn i rundkøyringa, og så fortset dei å signalisera at dei skal til venstre-venstre-venstre-veeenstreeee medan dei køyrer ut av rundkøyringa til høgre. Dette forstår eg berre ikkje, og har egentlig ikkje noko anna forklaring enn at dei er nokre herlige tøysekoppar som likar å finta ut sine medtraffikantar med å signalisera som om dei skal køyra rundt og rundt og rundt og rundt inn i evigheten for så plutselig å skyta ut av rundkøyringa medan du står der som ein idiot.

Som eit forebyggande tiltak har eg begynt å ha yoga musikk i bilen no, slik at eg skal halda pulsen på eit normalt nivå, eg er så lite sjarmerande når langfingrane skiller lag med resten av fingrane, og r'ane mine rullar rundt i ord som i Donald vert oversatt til støvskyer, lyn og hodeskallar. Nei, det er ikkje berre blåbær å køyra rundt her i oljebyen... (difor biletet av blåbær ja...).

For døme på yogamusikk, trykk her og ja, du må høyra heilt songen. Kos deg!






10 kommentarer:

  1. Husker veldig godt ja hvordan mange kjører på motorveien etter å ha jobbet i Hillevåg. Må si jeg er glad jeg slipper den motorveien hver dag, men må man så må man;-)
    Ønsker deg en flott onsdag Eli

    Klemmer

    SvarSlett
    Svar
    1. Må man, så må man... Det er egentlig valget mellom pest eller kolera, for å vera litt dramatisk ;-) det er kø dei andre vegane heim også. Men så vert det ekstra deilig å komma heim da.

      Slett
  2. Hahaha, fremdeles hissig i traffikken forstår eg :D

    SvarSlett
  3. haha! eg tok lappen på Stord også. Trur nok det er noko spesielt der ja, for det er nett lika mange idiotar i konkurranse med kvarandre her i Bergen.

    Ha ein flott kveld:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vel aldri tenkast at det er lappen vår det er noko gale med? Nei, for noko tøys, NEVER!

      ;-)

      Slett
  4. Hihi trur nok å kjøra på Stord er som blåbær i forholdtil Stavanger,eg liker ikkje å kjøre bil eg da men må eg så må eg og eg kjører i 60over bruene eg og håper ingen kommer bak meg:)
    Men på Stord veit du er det egne regler for rundkjøring,har du sett det?
    Masse hissige folk i trafikken og eg har visst vært da sjølv og på noken tullinger som kjører som noken svin....

    Nyt dagen skjønne Eli!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
    Svar
    1. Far min seier alltid at eg kan forventa at alle andre sjåførane er idiotar, så kjem ingenting uventa på meg ;-) Eg også elsker å køyra bil!

      Slett
  5. Fine Eli! Jeg ler så jeg får tårer i øynene av innleggene dine, du skriver så godt : )
    ..idiotkjøring er det visst her og, bah - alt for mye. (og jeg blir den hissige italieneren ; )

    Så kjekt du fant løsningen på lillebrors bord, Ikea er genialt altså : )

    God helg, og klem til deg!
    Ses vi i Bergen i år og?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, du lyt finna fram yoga musikken du også, Elisabeth ;-)

      Me sjåast i Bergen ja, eg gleder meg til all inspirasjonen og alle dei skjønne menneska. Herlig!

      Slett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!