torsdag 19. april 2012

Kjekk keramikk!





På kjøkken hylla har eg ein hjerteranke.
Den bur oppi den finaste kermaikken...
Ei stripete Tine K skål, og ei litt mindre Tine K skål i marrokansk mønster.
Dei er så fine i lag synest eg. Eg har koppar i dette stripe mønsteret, og hadde håpa å få supplera med nokon i det marrokanske mønsteret også, men diverre så hadde dei gått ut her i Norge. Har sett dei på nokre svenske bloggar - og dei er så lekre i lag.







Hjerteranke er forresten ein velsigna enkel blom å halda liv i. Den tåler det mest utrulige, altså... Og så er den så lett å planta avleggarar av. No har eg hjerterankar litt rundt omkring, og alle kjem dei frå denne lille skjønnasen i den kjekke keramikken som veks og koser seg i sine vakre omgivelsar. Eventuelt kaos omgivelsar til tider, den bur tross alt på kjøkkenet.

Er ditt kjøkken strøkent til ein kvar tid? Hender det at middagen står på bordet til dagen etterpå? At smulane ligg på kjøkkenbenken og kosar seg? At det hopar seg opp på benken og vasken fordi oppvaskmaskinen er full.... full av reint kjørel? Slik er det aaaaldri i Fryd Heimen. Joda, neida... JODA.

Ha ein herlig dag, med ryddig eller rotete kjøkkenbenk! Eg skal ha forening, så min bør være ryddig...




4 kommentarer:

  1. Skulle ønske jeg klarte holde liv i blomane... haen fin dag! :-)

    SvarSlett
  2. Dei e så fine dei fra Tine K,dessverre så klare eg kun å passe på orkideer,det andre dør,har ikkje prøvd hjerteranke då men:)
    Ein fin dag til deg!

    SvarSlett
  3. Tror faktisk jeg klarte å ta livet av en sånn engang.... men fin-fin er den!!
    Kjøkkenet mitt er ikke alltid ryddig nei - men det burde det for vi har kjøkken og stue i sammen et stort rom!! Prøver så godt jeg kan å alltid rydde før jeg legger meg om kvelden!
    klem Heidi :)

    SvarSlett
  4. Er så koselig med hjerteranker, men jeg får de ikke til... typisk meg, til og med planter som andre sier er lette, hehe:)
    Jaja, jeg får prøve igjen:)

    Herlige boller i allefall - den er fin den fargen der ♥

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!