onsdag 5. oktober 2011

Mormor Ruth's boller







Eg har ei mormor som heiter Ruth, og ho lagar veeeeeldig gode boller. 
Som den sleipe sniken eg er så har eg sikra meg oppskrifta.
Eller, det var forresten ingen sniking med i bildet, eg ba om
oppskrifta og fekk den. 

Faktisk seier såga at
mormor fant denne i Norsk Ukeblad, 
og at det er sjølvaste Sissel Kyrkjebø si oppskrift!







Eg pleier alltid å laga dobbel oppskrift,
og så lagar eg nokon enkle boller, 
nokon med vaniljekrem, 
nokon kanelsvingar der eg smører vaniljekrem 
på deigen før eg dryssar kanel på,
og av og til... men veldig-veldig sjeldan lagar eg kringle!
Då brukar eg samme oppskrift, kjevler ut deigen og smører med 
vaniljekrem og krokanfyll, brettar saman og pensler med egg.







Oppskrift:

0,5 liter mjølk
50 gr tørr gjær
100 gr sukker
100 gr smør
12 dl kveitemjøl
1 ts kardemomme
litt salt

Bland saman alt det tørre i ein bolle, 
smelt smør og ha oppi mjølka.
(NB! Husk ikkje for varmt for gjæren)
Rør mjølkeblandinga inn i det tørre og bland saman.

La deigen heve i ca. 45 minutt.
Trill ut boller etter ønske.
(Ved dobbel oppskrift får du ca. 4 brett med boller).
La etterheve i 30 minutt.

Pensle med egg og steik på ca. 220 grader i 15 minutt.






Og så er det nytings, nytings og nytings etterpå.

Klem Eli

8 kommentarer:

  1. Herlig..
    Elsker gjærbakst..
    God onsdag til deg..
    Klem:)

    SvarSlett
  2. Ååå, og eg som e hjemme og e sjuk! Skulle absolutt ha hatt noen boller siden det er såååå synd på meg! Hehe! De så knall gode ut! Kos dokke!

    SvarSlett
  3. MMmm, no sku eg ønska da va på Stord du hadde bakt disse, for då hadde eg rast innom å knabba med meg noken til lunsjen ;)
    Såg knallgode ut! Fekk lyst å bake :)

    Kor har du kjøpt det koppestativet ditt foresten?
    Me like!

    Ha ein super dag!
    Klem Helene

    SvarSlett
  4. Å nam, de så ekstrem gode ut!!! Jeg elsker solboller:)
    Hadde vært godt til kaffen jeg drikker nå. Du blir nok veldig fornøyd med citiz'en også:)

    Ha en herlig kveld!

    SvarSlett
  5. De så gode ut! *ELSK*

    Klem

    SvarSlett
  6. Mmmm... de så gode ut!
    Tusen takk for kommentaren hos meg. Nyt kvelden. Her er beina plantet høyt og sterinlysene tent. Ei bok er funnet fram og ja: det er lesetid :)
    Klem Tonje

    SvarSlett
  7. Åååå, nam nam, nå fikk jeg lyst på boller. De ser knallgode ut!
    Kanskje jeg må lage slike til helgen :)

    SvarSlett
  8. Ååå de så riktig så gode ut du! :)

    Ruth...jeg pleier å bake ei kake som heter Ruth, og den er FANTASTISK GOD!

    Kathrine i Tryllehuset

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!