Når Familien Fryd flytta inn i sin noverande heim for ganske nøyaktig fem år sidan, så fekk me begynna litt "på nytt" på ein måte. Me hadde begrensa budsjett, men ny sofa og nye stolar kosta me på oss, og Herr Fryd sparkla og mala heile stova, tak og vegger. Frøken Fryd sparkla og mala barneromma. I areal myyyyykje mindre enn stova. Men mengden bannskap, "akk, oj og stønn" var påtagelig mykje større... Frøken Fryd har aldri vore særlig tålmodig. Og å mala, det er virkelig ikkje noko Frøken Fryd likar.
Det er rart med det, alle dei små feil og mangler som ein ikkje heilt får med seg på visning... Slik var det i alle fall for oss. Den dagen me fek nøkkelen så var me så gira og spente, det var nesten som eit lite antiklimaks å oppdaga at gongen hadde tre forskjellige dører, to forskjellige golv og tak og at alt generelt var mykje meir slitt og gammalt enn me såg på visning.
Men alt i alt så var me sjølvsagt veldig fornøyd, beliggenhet og andre kvalitetar var absolutt på plass. Kjekkare plassering i forhold til skule, kompisar, butikk og ikkje minst utsikt.
Stor hage, for å vera i Stavanger vel å merke... Større boltreplass inne, kjellerstove til gutane og meir lys.
Og me koser oss her!
Noko som var ei utfordring var å få det koselig... personlig... Det såg liksom så oppstilt og utstilt ut alt.
Litt sånn "katalog". Og Frøken Fryd gremma seg og klødde seg i treskallen så flisene føyk (ja, eg har breie negler). Men sånn litt etter litt så blei det meir "oss". Og når bildeveggen kom på plass, då var Frøken Fryd fornøyd. Det var då eg oppdaga at eg er gift med Spiderman. Herr Fryd viste kvaliteter som han til då hadde holdt godt skjult, og halveis hang/klatra/føyk/sveva/klamra seg fast i gelender og vegg medan bilde etter bilde møysommelig kom på plass i puslespelet. Denne bildeveggen er nemelig over trappa, så det er ikkje berre-berre å få hengt dei opp.
Herr Fryd sine velforma tær viste usedvanlig god gripeevne i denne operasjonen, heldigvis, sidan Frøken Fryd i sin store klønethet skubba sofaen på plass og dermed skubba Herr Fryd sine tær skrekkelig longt ut på kanten ved gelenderet. Frøken Fryd treng symmetri, og ein sofa på "ville veier" (det vil sei sånn ca. 5 cm feilplassert) det skjærer i augo til frøkna og då går det på refleksar, ikkje gjennomtenkte handlingar. Men det gjekk heldigvis godt, Herr Fryd klarte å klora seg fast tross sofaen som kom i stor fart og prøvde å skubba han over kanten, og Frøken Fryd skamma seg over sine handlingar.
Litt etter litt har me tatt rom etter rom og litt etter litt vert huset meir vårt og oss. Men det tar tid å bu seg til, ein må ta seg tid til å kjenna etter korleis ein vil ha det. Og sjølvsagt så er det viktige ting som speler inn, som økonomi, tid og energi. Ting har stått halvveis her lenge, som hjå mange andre vil eg tru, og evnen til å sjå alt som gjenstår heller enn alt som er blitt gjort er ein dårlig egenskap.
No gleder eg meg over alt me har gjort, over den herlige årstida me er inne i, lyse dagar og kveldar og den longhelga som ligg foran oss med besøk av kjekke folk, nasjonaldag, barnedåp og sosial kvalitetstid med storfamilien.
Good times!
Hehe kjenner meg godt igjen når det kommer til å få nøkkel i handa og oppdage små ting og tang man ikke har sett på visning :)
SvarSlettFin stue, og herlig bildevegg, er igrunn veldig fan av slike bildevegger jeg!
Følgeknappen på bloglovin finner du oppe til høyre der du trykker på blognavnet ditt - follow buttons :)
Nå er det ikke lenge igjen til Haugesund, gleder meg masse til å treffe deg og andre fine bloggere igjen!
ha en superduper dag Eli :)
Klem
Dei fleste ulykker skjer i heimen...godt det gjekk bra med Spidermannen den gongen! Eg digger bildevegger som din, men ser utfordringa med å ha den i trappa!!! Liker holdninga di i fht prosjekter som gjenstår. Må innrømma at eg er veldig utålmodig og eg skulle gjerne ha fullført alle prosjekt på ein gong. Har jobba mykje med meg sjølv for å komme dit eg er i dag. Nå klarer eg å gle meg over ferdigstilte prosjekt og å kose meg med planleggingsfasen fram mot nye prosjekter. Eg har fått det myyykje betre med meg sjølv også når eg klarer å vera her og nå og å akseptere at TTT ;)Meeen, det skal seiast at eg stadig vert utfordra av meg sjølv her altså, det er så mange nye idèar i hovudet mitt. Men ka e` de` me streva` for? Må jo leva også...! Klem til deg med ønske om ein super dag, Kjersti
SvarSlettMå flire når eg tenke Spiderman og ei frøken som bare MÅTTE sette sofaen på plass!! Godt du har en tålmodig Spiderman, min hadde bedt meg fikse resten sjøl;)
SvarSlettFlott ble det ihvertfall:)
Har tusen ønsker i hodet mitt, men verken mann eller lommebok samarbeider, så det går saaaakte.. Har bodd her snart 2 år, men planen er vel frem til alderdommen tar oss??
Ha en fiin dag:)
Klem
Haha, håpa han har samma gemytt som broren.
SvarSlettHaha :) TAKK, for at du får meg til å le høgt her eg sitt åleine med pc'en i fanget! Enkelte ting kan ein berre ikkje ta skulda for, som ein sofa på avveie. Klart den måtte på plass. Fort! ;)
SvarSlett