Av og til, når eg merker meg at mine medmennesker tar andre valg enn meg, gjer ting litt annleis enn meg, så vert eg fordømmande.
Kanskje dei har noko som eg kunne tenkt meg, eller kanskje dei får til noko som eg ikkje får til.
Og så tenker eg; "du trur kanskje du er betre enn meg du, hmmm?"
Altså, eg tillegger dei tankar, som dei sansynligvis ikkje har, fordi eg dømmer meg sjølv, sånn egentlig...
Ikkje mitt mest sjarmerande trekk. Antagelsane vert til oppi mitt hovud, og har svært sjeldan noko med verklegheita å gjera.
Kvifor samanliknar me oss slik med andre?
Kvifor er det så viktig å vera best?
Når eg samanliknar meg med andre så siktar eg høgt... Kanskje er dei veldig smarte, veldig snille eller veldig kloke. Eller kanskje er dei veldig fine, og har veldig lange, tynne bein som kler alt, du veit... Eller kanskje dei har langt hår, gnistrande auger, eller fine piano fingrar, eller lange augevipper, eller eller eller... Og så gremmer eg meg, og dømmer meg sjølv nord og ned.
Kvifor?
Er det nødvendig å vera finast da? Eller å springa fortast? Eller å ha den finaste veska? Å ha heila vetet? Gjer det meg til eit betre menneske?
Nei, Eli, det gjer deg ikkje til eit betre menneske...
Å akseptera seg sjølv, slik som ein er, er vanskelig. I alle fall synest eg det, det er så mange andre menneske rundt meg. Mennesker som har kvaliteter som eg set pris på, og som eg også vil ha. Og så ser eg ikkje mine egne kvaliteter. For sjølv om det er ein hekkans klisjè; kjære vene så kjedelig det hadde vore om alle var like. Takk og lov for alle variasjonane av arten menneske!
Kvaliteter som eg set høgt hjå andre, er ikkje nødvendigvis kvalitetar som alle set høgt. Ergo er ikkje dei som eg synest er best, best, sånn i den store samanhengen. Så egentlig, egentlig vil eg sikta på å vera den beste utgåva av meg sjølv, i forhold til mine verdiar. Og så kanskje rett og slett slappa av litt, ikkje vera så fordømt fordømmande. Døm, dømmare, dømmast. Døll, døllare, døllast... Muligens skal eg jobba litt med porsjonshemminga mi? Jepp, eg har lært eit nytt ord. Porsjonshemming! Dersom du antar at når Eli er porsjonshemma så slit ho litt med å begrensa porsjonane på det ho likar ekstra godt? Ja, då har du heilt rett gitt!
Så då tar eg meg ein snickersis til eg.
Og så kan eg heller jobba litt meir med å vera best i å ikkje spisa snickersis i morgon.
![]() |
Via |