![]() |
Pinterest via |
Me er heldige...
Me som bur her i Norge.
Me som har så mykje at me ikkje eingong veit kva me ønsker oss til jul.
No sit eg og Herr Fryd i kvar sin stol og later som om me begge har gløymt at me skulle laga liste over julegåvene som lyt kjøpast inn før fredag. Til helga reiser me nemelig til svigerfamilien for litt førjulskos og gåve utveksling. Julekorta ligg klare i konvoluttane sine, men dei må få namn på seg... Og magen min, den er grådig klar for pinnakjøtt à la Åshild og ei lattermild helg med mykje godt humør. Det pleier ikkje mangla på gode kommentarar og latterbrøl når denne gjengen samlast. Good times!
![]() |
Pinterest via |
Over til den gåvelista igjen, let's face it... mykje kjekkare å sitta og surfa etter julebilder på Pinterest.
Men me har hatt det ganske kjekt med å sjekka kva me ikkje visste at me trengte på enklere liv.
Sjå berre her for eksempel... perfekt for dei som vil begynna å trena i det små ;-)
No skal Frøken Fryd ta stilling til adventskalenderen.
To be or not to be...
I siste liten? Eg? Aldri...
![]() |
Pinterest via |
Har du adventskalender til dine born?
Fins det ei øvre aldersgrense?
Er det dårlig "parenting" å ha snope kalender?
Vår blir nok ein kombinasjon av aktivitetskalender, snop og "nødvendighetsartiklar".
Må på ein måte berre begynna.
Første desember, det er på laurdag det... {kremt}.