Alltid smilande Lisette fra Lisettes Perler |
Først av alt; eg ELSKER rogabloggerar! For ein ekstremt fantastisk, livlig, inkluderande, velmeinande, sprudlande, smilande, positiv, kreativ og hjertevarm gjeng!
Eg er no tilbake etter ei herlig helg i byen med dei 7 fjell, Bergen...
Me har vore på Interiør- og Boligmessa og eg er trøtt som ei strømpe.
Kjenner likevel på den herlige lykkefølelsen ein har når ein har vore omringa av slike strålande mennesker som eg har vore denne helga.
Slike som er så tvers igjennom GODE at du blir smilande glad og kjenner det i ♥
Messegeneral Trude og hjertegode Heidi (FruFly) ♥ |
Fredag reiste ein spent gjeng i frå Sola, det var Birgit (Landliv i Ryfylke) og Eli som møtte først opp på flyplassen. I god tid, svæææææært god tid... Så kom Hilde (Hildemor) og Lisette (Lisettes Perler) i rimelig god tid dei også. Og endelig kom også muntrasjonsråd nummer 1, May Helen (KROnPRINSESSENE). Når ho sjekka inn så bryska innsjekkingsautomaten seg og gav May Helen om å GJE GASS! Så ho kom småflirande med ei bolle i handa og heile roen, såklart :-)
Fine, fine May Helen! Alt på Flesland kom shoppegenene til sin rett, og nokre Line of Oslo plagg vart inspiserte med skarpt blikk alt før me hadde plukka opp bagasjen. Fredag kveld var me litt kvar for oss, eg var ute og spiste med nokre flotte damer som eg set stor pris på, og skal treffa att om ikkje så skrekkelig lenge, heldigvis.
Og så, så vart det laurdag og tid for bloggfrukost... OH MY GOD... Heile nitti bloggeberter samla rundt frukostborda.
Forventningsfulle, det var store pupillar og svette nevar, i alle fall hos Frøken Fryd...
Danse glade frekke fyrer frå dansegruppa ABSENCE åpna ballet på ein framifrå måte! |
Det var høge latterhyl og frydefulle hvin når tre sprekingar frå ABSENCE med frekke og humoristiske dansetrinn fekk blodet i kok hjå nitti bloggeberter.
Og etter desse, ja då kom Bodil BO!
Åh, det er så jordnært, så ærlig, så herlig, så ukomplisert og ekte.
Eg er så glad i den dama, sjølv om eg egentlig ikkje kjenner ho så godt.
Føler berre at eg gjer det.
Blir jo berre glad og lett til sinns i selskap med slik sprudlande livsglede.
Herligheter frå Summerbird vart servert... |
... og me var ikkje tungbedde... |
Tida vart komen for å sleppa laus nitti bloggerar på ei Interiør og Boligmesse.
Galskap?
Godt mulig...
Her er litt av det som fanga min oppmerksomhet:
Shiny stuff på Bohus |
Raude epler på Sigdal kjøkken (var så ekstremt mykje folk der så fekk ikkje knipsa kjøkken...) |
Så kom eg over Phil's Paradis...
Herregud...
Eg døydde litt inni meg her altså...
Heilt rått!!
Ka' du trur?? Eg kom ikkje lengre enn hit eg...
Eg stupte oppi putene så det skrangla i skull's og berre låg og rulla meg.
Neida.
Joda.
Neida.
JO!
Men det var inni hovudet mitt... heldigvis!
Stod der med eit tomt uttrykk, muligens hadde pupillane mine endra fasong til skulls?
Lett måpande munn og ein tynn litten streng av sikkel.
Skikkelig sjarmtroll ho der Frøken Fryd altså.
Eg kom lengre.
Men dåke får ikkje sjå meir.
Ikkje før i morgon.
For no kallar sofaen.