 |
Bildet lånt hos KK og kan ikkje samanliknast med gnagsåret i teksten, overhodet... |
I går opplevde eg eit gnagsår.
Eit levande gnagsår.
I form av ein person...
Ein person som er mykje viktigare enn alle andre.
Ein person som kan gå forbi køen igjen og igjen.
Ein person som gneg og maler og maser.
Ein heilt ekstremt irriterande person.
Me skulle henta bordet vårt på lageret på Living.
Han stod framme ved skranken når eg stilte meg i kø.
Han venta på ein tilhenger.
Han kunne ikkje forstå at dei i skranken ikkje kunne gi han eit nøyaktig tidspunkt på når tilhengeren kom tilbake.
Trudde han kanskje at dei hadde eit timeglass?
Og når all sanden hadde rent ut så kom tilhengeren magisk tilbake?
Dette var kjerna i problemstillingen hans.
Som var så viktig at han gong på gong på gong måtte gå forbi køen,
stilla seg rett foran den i skranken og komma med eit nytt spørsmål.
Igjen og igjen, faktisk...
Fasinerande!
Og ekstremt irriterande.
Eg hadde overhodet ikkje energi til å ta tak i vedkommande.
Det er like greit.
Når eg blir ekstremt irritert så er eg ikkje alltid like saklig.
Kunne kanskje anklaga han for å ikkje kunne spela volleyball... eller nåke.
Så eg holdt kjeft.
Klokt valg Frøken Fryd.
Glad for det no.
Tilhengeren kom til slutt.
Men kva er det som gjer at slike folk ikkje treng følga dei vanlige kø reglane?
Er det fordi folk flest, som meg, rett og slett ikkje orker å bruke energi på å ta opp diskusjonen?
Argh!
Takk og lov for at ein har ein blogg der ein kan skriva av seg litt frustrasjon i blant.
Så kan ein legga det litt bak seg liksom.
Ein ting til...
Gnagsåret hadde ein son.
Han hadde ei usynlig lenke til faren, sjølv om han var ca. 20 år.
Han var innan ein radius av faren på ca. 1 m
2. Konstant!
Med eit lite flir om munnen... Fett, halvlongt hår. Hendene i lommene. Lutrygga.
Men plutselig så kom der litt avstand.
Frøken Fryd begynte å laga små pipelydar for seg sjølv, pip-pip-pip-pip....
Kaboooooom!
Venta berre på at den usynlige hundelenka skulle sprenga.
Men det gjekk bra, heldigvis.
 |
Bildet er googla. Googla rett og slett yippee, for det var det eg tenkte då.
YIPPEE!! |
Så over til noko kjempe kjekt!
Noko som eg elsker!
Eg har funne ein ny favoritt blogg...
Har du vore inne hos Vigdis som skriv bloggen
"Jeg er Jonathan"?
Eg vart heilt bergtatt, og scrolla nedover og nedover og nedover.
Fekk tårer i augene når Maria kom ut.
Smiler av tekstane.
Får energi av bileta.
Herlig.
Herlig - herlig - herlig!
Slik skal det vera :)
Kven seier at mammablogging ikkje er bra?!?
Tøysekoppar.