Ja, så var det ei lita veke att...
Om ei lita veke så opplever kanskje dei fleste eit bittelite antiklimaks.
"Daskepott" og dei tre nøttene er ferdig.
Julefrukosten er oppspist, det samme er pinnakjøtet og riskremen.
Nåken fekk mandelen, muligens var det ikkje deg...
Gåvene er åpna, forhåpentligvis fekk du litt av det som stod på lista.
Jepp, det er jul!
Frøken Fryd er litt sliten.
Rett og slett litt sliten av seg sjølv.
Egentlig heilt utan grunn.
For Frøken Fryd har god kontroll når ho tel på fingrane.
Så no krøllar munnvikane rett veg altså.
98 % av gåvene er kjøpt inn og levert til dei som skal ha.
Julekort er levert ut.
Pinnakjøt har Herr Fryd handla inn.
Fenalår også...
Huset er nyvaska, det har ikkje Frøken Fryd gjort sjølv.
Det er til og med pynta til jul, sånn nett nok i alle fall.
På onsdag skal treet på plass.
Fredag er siste arbeidsdag i år (elsker å seia det, høyrest så dramatisk lenge ut med ferie då).
Og så, så er det berre kosing med dei aller næraste.
I år er det Frøken Fryd sin mamma, pappa og brødre som kjem på besøk.
I romjula skal Familien Fryd rett og slett ingenting utanom å lade batteria og berre vera i lag.
Til nyttår, då kjem den fine svigerfamilien på besøk.
Kjenner at tærne krøllar seg over så mykje sosial velvære som står foran oss.
Og så, så kjenner eg på det at det er ikkje alle som synest at denne adventstida, og juletida, er spesielt stilig. Les innlegget til varme, hjertegode Spirea her. Og stopp for all del ikkje der, Spirea har ein fantastisk penn!
Eg er så innmari takknemmelig for at eg har mine nære og kjære rundt meg.
For at eg har ein familie som ikkje kunne vore betre om eg hadde handplukka den.
For at me er friske.
For at eg har gode venner som eg kan stola på, som gleder seg over mine gleder og støtter meg i mine sorger.
For at eg faktisk har alt eg treng og meir til...
Bileta i dagens innlegg er frå bloggtreffet i Egersund hos fine Annfrid.
Dei to øverste er frå ein veldig koselig og fin butikk som heiter Tingbø, skikkelig snopebutikk.
Det nederste er ei supergod ostekake som Annfrid hadde baka til oss.
No skal eg berre surfa inn resten av denne veka.
På fredag avslutter me med julelunsj på jobben, og så er det jul, jul, juuuul!
Eg ønsker deg og dine ei rolig og fredlig jul med mykje kjærleik og varme.