![]() |
minkokebok.net |
Me har eit problem i Fryd Heimen! Eit steikeproblem... Me er storforbrukerar av steikepanner, me får aldri tak i "den rette" steikepanna - den som tåler alt, den som har belegg som slepp når du skal steika pannekaker eller egg, den som kviler godt i handa og som er ein draum å halda rein. Pannekaker er det aller ALLER beste som Lille Fryden kan få servert, og det er klart at då MÅ me ha ei steikepanne som kan levera.
![]() |
Tefal Privelege Pro |
Inne på klikk.no så vert steikepanna over her kåra til suverent beste, Tefal Privelege Pro. Nokon som har denne? Nokon som har andre gode tips? Kan ikkje tenka meg eit betre fora å stilla dette spørsmålet enn til ein gjeng med matlagingsglade bloggerar...
Så please, pretty-please-with-sugar-on-top - kva steikepanne vil dåke anbefala? Det lyt vel nemnast at me har induksjonstopp, så det kan jo bli varmt om øyrene for steikepanna vår.
No ser eg fram til ein storm av gode tips!
Takketakk ♥