For nokre dagar sidan så las eg eit innlegg som fine
Lina med bloggen Huset i Skogen laga. Og då merka eg at eg vart voldsomt engasjert. Innlegget heiter cupcakes & feminisme. No trur du kanskje at eg skal skriva eit brennande innlegg om
kvinnekamp & de, men det var ikkje heilt det eg tenkte på. Eg tenkte på roller, roller som me har i kvardagen, både kvinner og menn. For er du den samme heile tida, uansett kvar du er og kven du er med?
 |
Jacob og mamma |
Eg er mamma, det er ei stor og viktig rolle - den tar stor plass i livet mitt - og eg elskar den. Då er eg ansvarsfull, omsorgsfull, kjærlig, støttande, streng, oppdragande, engstelig, usikker, masete og rett som det er - verdas teitaste!
 |
Frøken Fryd (i uskuldsrein, kvit topp) i søskenflokken og søskenbarnflokken. |
Eg er kone, søster, søskenbarn og venn. Då er eg festlig
(trur eg sjølv), avslappa, useriøs, drikkfeldig
*kremt*, rolig, Eli og ein av gjengen.
 |
Herlig ID-kort bilde av Frøken Fryd, dette har eg altså rundt halsen kvar dag... |
Eg er ansatt og kollega, då er eg seriøs, pliktoppfyllande, effektiv, flink, imøtekommande, oppdatert og ordentlig.
Men eg kan også vera stressa, krevande, målbevisst, usikker, utilstrekkelig og masete - men det er kun mot mine næraste kollegaer.
Og så tenker eg, kor mange roller har me egentlig - kor forskjellige er dei, og korleis går det når desse møter kvarandre i døra? Det er jo eit utrulig fasinerande "spel" dette, for det er jo ikkje til å komma i frå at me er ikkje den samme på jobb som når me er på fest med venner, eller når me henter i barnehagen, eller når me er hos legen - sjølv om alle desse rollene til saman utgjer Eli / Frøken Fryd / 830654 / mor til Jacob & Erlend / kona til Johnny.
Wikipedia seier at sosiale roller er dei posisjonane som menneska har i forskjellige grupper i samfunnet, og dei reglane som tradisjonelt gjeld og forventas for adferden og oppgåvene til personane i desse posisjonane.
Roller er trygge, for me veit som regel kva som kreves av oss i dei forskjellige rollene som me har. Men det kan også vera krevande. Veldig krevande. Og når ein er sliten - då strevar i alle fall eg med å være i karakter av og til.
I to omgangar på få år har eg vore så sliten at eg har blitt sjukemeldt i lengre periodar. Og då er eg sjukemeldt frå
"jobbe Eli" og
"venne Eli". Då klarar eg ikkje å vera "på", har ikkje nok energi til å gå i rolle. Dessverre så går det hardt utover
"mamma Eli" og
"kone Eli" også, for som det ofte er så er det dei næraste som må svi mest, sjølv om det ikkje er bevisst.
Det som er vanskelig, er at dette ikkje viser reint fysisk. Om du treff ein kollega på butikken når du er sjukemeldt frå
"jobbe Eli" så går du ikkje nett og sleper ein fot etter deg, har kniv i ryggen og kryss i augo, eller er flat som ei pannekake (sjølv om det føles slik). Du kan smila og vera blid og oppmerksom dei få minutta samtalen tar, rett og slett virka heilt normal
(sjølv om du inni deg er riv-ruskande gal). Og så står du att der etterpå og frykter at;
"no tenker ho/han sikkert at eg berre er lat, ikkje gidd jobba, utnytter systemet, er ein snik, slask og slabbedask". Det er då rollene møter seg sjølv i døra, for ein er så avhengig av dei at ein slepp ikkje maska. Dette har sjølvsagt i stor grad med tillit å gjera også, det med å la dei forskjellige rollene gli over i ein annan og møta kvarandre. Visa seg sårbar i ein rolle der ein vil framstå som proffesjonell og sterk, eller blid og imøtekommande.
Eg merker at når eg treff nye folk så jobbar dei sosiale antennene ekstra hardt. Då ligg eg lavt i terrenget, føler meg fram, kjenner etter kva for ein rolle som passar inn, lytter, plasserer, analyserer - og så - litt etter litt så slepp dei forskjellige Eli'ane fram og ut, alt etter som eg blir trygg på dei rundt meg. Eg smyg meg helst inn i eit rom som er fullt for eksempel. Medan andre berre "tar" eit rom, fyller det med energi, feier inn og sprudler. Eg har veldig lyst å vera slik, men det blir heilt feil for Eli.
Kva gjer du, og har du mange roller?
Klem Eli
(mor, kone, dotter, søster, venn, svigerdotter, barnebarn, svigerinne, kollega, nabo, bekjent, tante, søskenbarn, niese, kjærest, ansatt, mora til, Frøken Fryd, Frøken Fres, Frøken Fryktelig -> schizofren???, osv osv)