Flittig fyr han der Walther... Han har bygd heile tre hus i mosen på lysfatet vårt, og jammen driv han ikkje og lagar mandlar også - eller i alle fall hiver dei i sjokoladen.
Eg likar Walther eg, om han er blitt litt kommers så er ikkje det så nøye for meg, det er nokre år sidan han flytta inn hos oss og me er ikkje lei han enno. Så Walther han blir, både i hus- og sjokoladeform!
I går monterte Frøken Fryd tidenes skeivaste pepperkakehus. For første gong i historien vart huset montert på egen hånd (altså utan ekspertise hjelp frå Herr Fryd) og med knekk (smelta sukker). Det var ei utfordring, eg skal ikkje nekta for det.... Men huset står enno og eg lar meg ikkje knekka av kommentarar som: "var delene skeive, eller...?" Smågutane stod heldigvis klare med melisglasur, nonstop og zombie-seigisar for å dekka over mammo sine "shortcomings" som byggingeniør - og
Pepperkakehuset er under invasjon av zombie-seigisar - men dei tullingane har jo ikkje fått med seg at det hverken er dører eller vindauger på huset - og skorsteinen er tett - haha! Suckers!!
Som dåke ser så kryper jula fram i Fryd Huset, Frøken Fryd julifiserer litt etter litt og koser seg verre. Kurt'n og Kringkastingsorkesteret hyler og skriker i bakgrunnen og Frøken Fryd nynner skjærande falskt til, krøller tærne og smiler fjollete, for Frøken Fryd er ei skikkelig julejenta nemelig!
I kveld skal det bakast pepperkaker og Ikea har vore greie og laga deig til oss, no er det vel ikkje berre Frøken Fryd som er plaga med at pepperkakedeigen har ein tendens til å bli dyr - men det er kun fordi ting på Ikea lever sitt eget liv og smyg seg oppi den gule låneposen når Frøken Fryd ikkje følger med. At eg aldri lærer altså... Jammen godt eg ikkje hadde vogn!
Måtte ta bilde av pusen i dag, og som ein kvar pus - som bur i interiørbloggar hus - så matchar han putene. Ellers hadde han sjølvsagt aldri fått sova i sofaen ;)
Pusen heiter Rooney, og han har jammen levd opp til namnet sitt! Me måtte rett og slett kastrera han, han berre sprang etter damene, men no går alt så mykje betre. Heldigvis er han veldig mykje finare enn namnebroren sin i UK...
Vel - med dette innlegget så tenkte eg å drista meg til å vera med i utfordringa til NIB, sånn i siste liten liksom.
Vil du sjå fleire innlegg med temaet "jul i vårt hus" så kan du klikka deg inn her og nyta synet.
Klem Eli








