Bildet fant eg hjå Designspirit trur det er Kähler sitt design |
I dei fleste småbarnsfamiliar kan morgonstund ha andre ting i munn enn gull...
Hjå Familien Fryd har Storebror og Lillebror Fryd ansvar.
Dei har ansvar for eigen frukost og niste!
Yep! Det er heilt sant...
Og nettopp difor har morgonstund gull i munn!
I mange år har Mamma Fryd dirigert morgonskuta, prøvd og feila, hissa seg opp, vore diplomat, rosa og risa, tilrettelagt, gitt ein og ein beskjed om gongen i håp om at i alle fall det gjekk inn. Det var ampert, ukoselig og ein dårlig start for alle. Så vart ansvaret gitt over til Storebror og Lillebror Fryd.
Det går kjempe bra. Faktisk!
Dei vert vekt og klappa og kost med, det vert visuelt bekrefta at dei står opp, det vert sendt gode ønsker om ein fin skuledag og så... så går Frøken Fryd på jobb. Og Storebror og Lillebror Fryd har overtatt ansvaret. Storebror Fryd er ingen frukost gut. Ingen niste gut heller. No ligg i alle fall ikkje nista og mygler i sekken... for den vert ikkje smurt. Ja, eg veit. Det er ikkje bra! Han kan kjøpa lunsj på Bydelshuset, og ein del av lommepengane vert nok lagt att der. Det manglar ikkje på alternativ og utvalg i heimen. Me har prøvd det meste. Lillebror Fryd er frukost gut. Og niste gut! Han gomler i seg kneip med flykrasj, Storebror Fryd synest det stinker. Lillebror Fryd nyter og kattane snuser og snuser.
Så ein morgon fekk Frøken Fryd ein krass melding i frå Lillebror Fryd. Det var observert at nabogutten såg på barnetv før skulen. Og Frøken Fryd vart stilt til veggs med spørsmålet; "og vett du ka' morå hans gjør mens han ser på barnetv?!? Hæ?!? Hu SMØRRE NISTÅ hans!!!"
In my face...
No treng hverken Lillebror eller Storebror Fryd å bekymra seg over smøring av niste, for no har me tatt påskeferie heile gjengen. I 10 deilige dagar skal Familien Fryd vera i lag, ha fri og berre kosa oss i saman.
Kva skal du finna på i påsken?
Uansett kva planar du har, gooooooood påske!!