 |
Krøllete linduk med rusk... MEN fine blomar da. |
Av og til er det tvingande nødvendig "å ta seg ei pære"...
Setta seg ned og setta ting i perspektiv.
Kva som utløyser denne nødvendigheten varierer for min del, men eg har hatt meg ei økt i toppetasjen, tydeligvis. I dag, på ein søndag for søren (!!!), vakna eg tidlig og fekk ikkje fred før eg satte meg ned for å få ut dette innlegget.
Me har ikkje eit stort og flott hus, me bur i ein tomannsbolig frå '70 talet, men det er vårt. Me har ikkje det nyaste nye på interiør fronten, ei heller på det tekniske, men me omgir oss med ting me er glade i. Det er sjølvsagt ikkje alltid at eg er like glad i den brune sofaen, med dei brune stolane som er såpass store at det blir vanskelig å ommøblera. Men dei er stein-gode å sitta i, og sofaen er god å sova middag i og egentlig så synest eg fortsatt at den er fin. På veggane våre har me ikkje dyr og uerstattelig kunst, men me har bileter som me likar å kvila augo på og me har bileter av dei me er glade i.
Eg har i fleire år rast rundt som eit uvær for å pynta og rydda og stæsja og vaska når det skal komma folk. Synest eg at det er kjekt å komma på besøk når vertinna heseblesande freser rundt i stova og rydder og unnskylder tingenes tilstand? Jada, så lenge eg er glad i vertinna så ;-) Men eg
elsker å komma på besøk til folk som stig over dei tre jakkene som ungane har slengt frå seg i gongen, som inviterer meg med inn, set seg ned og
pratar med meg. Det er herlig det! Eg elsker å tilbringa tid med dei som betyr noko for meg, og som er til stades i samtalen og ikkje mentalt på veg til neste stopp.
Og då kjem eg over på eit anna tema, dei som betyr noko for meg... Eg blir usikker av folk som eg ikkje heilt veit kvar eg har, som seier ein ting og gjer ein annan ting. Det gjer meg utrygg, og eg liker ikkje å vera utrygg. Eg vil ha ekte! Og eg prøver verkelig å vera ekte. Eg er meg, ler av og til veldig høgt, sikkert på feil plass til tider. Eg er rimelig ordinær å sjå til, litt overvektig, men prøver å gjera det beste utav det. Eg er ikkje lynande intelligent men får til å åpna dører og det hender faktisk at eg kan gjera to ting på ein gong.
Men eg har ein kropp som virker, den lystrer signala hjernen min gir den, den er god å vera i og eg har mulighet til å endra det eg ikkje er fornøyd med, for så vidt. Den har bore fram og født to fantastisk born og gir meg lite trøbbel. Ok, den har gitt meg to depresjonar, men sjå det, eg kom sterkare ut på andre sida. Livet er ikkje rosenrødt, men det kan vera søren så godt å leva.
Det er mange arenaer å boltra seg i, eg har ikkje ein glamorøs jobb, men eg er omgitt av kollegaer som vil kvarandre vel, eg får utfordringar kvar dag og lærer nye ting. Av og til blir eg såpass utfordra at eg vaknar tidlig og har galloperande hjerte, men mestringa eg føler etterpå er fantastisk, og neste gong er det ikkje fullt så skummelt. Eg får verkelig brynt meg, og eg er stolt av jobben min!
Me har blogging, som er ein arena som har gitt meg mykje meir enn eg forutsåg, og som faktisk ikkje krever meir enn eg er villig til å gi. Her er det mykje varme, velvilje, omtanke og framsnakking, samtidig som eg ser at dette, for nokon, er ein arena for spel og sjølvhevding. I starten syntes eg at det var stas å få mange kommentarar, og det var kjekt å sjå at det kom nye følgjerar til. Men etter ei tid så kjenner eg at kvalitet framfor kvantitet er lett match. Det samme gjeld Instagram, kor mange følgjerar eg har er meg egentlig revnande likgyldig, så lenge dei som følgjer oppfører seg og ikkje legg att ondskapsfulle kommentarar. Sjølv følgjer eg dei som eg kjenner, som eg kanskje ikkje kan sjå daglig men via blogging, instagram og facebook så kan ein få glimt av kvardagen likevel og på denne måten vert me nære likevel. I tillegg så følgjer eg totalt framande, som har nydelige bileter eller som inspirerar meg på anna vis, via humor, varme for eksempel.
Eg kan ikkje definera meg sjølv utifrå kor mange, og kven, som følgjer meg på bloggen eller på Instagram. Det hadde vore totalt utmattande, sjølvutslettande og destruktivt. Men eg lener meg tilbake, tenker på familien min, både dei næraste og storfamilien, tenker på vennenne mine og føler meg rik altså. Eg har så mange fantastiske menneske rundt meg, og det gjer meg så varm om hjarta og glad! Det er desse fine menneska som hjelper meg til å vera meg, som gir meg tilbakemeldingar som er konstruktive og ærlige og varme.
Sånn, då har eg fått satt ting litt i perspektiv. Igjen. Og det vert sjølvsagt ikkje siste gong.