Jah, då er arrangementet overstått.
Frøken Fres er ferdig å vera Frøken Fres og kan bli Frøken Fryd igjen.
Frøken Fryd lurer på kvifor Frøken Fres stressar seg slik opp?
For det gjekk jo bra... sånn i etterpåklokskapens lys.
Men jammen har Frøken Fres svidd av mykje energi.
Frøken Frykt har vore innom også.
Ho slitande berta som er redd for at alle skal vera misfornøyde med opplegget.
Ho som trur at alle kan gjera det betre.
Ho pesimistiske som frykter at alle dei andre foreldra skal påpeika manglande kontroll.
For det føltes ikkje ut som Frøken Frykt hadde kontroll.
Ære være alle lærarar...
Å få samla alle elevane og gi ein beskjed for ei mor som normalt har to å forholda seg til var litt sånn risiko sport. Og å tella ein masse i konstant bevegelse, ikkje lett! Og kven skal vera på gruppe med kvarandre? Kor mange på kvar gruppe? Har alle foreldre ei gruppe å gå med?
Yadda...
Men det skal dei ha, foreldra på trinnet. Sånn totalt sett, så var det fleire foreldre enn born som møtte, trur eg. Så kanskje var Frøken Fres uheldig med den ressursgruppa som var tiltenkt akkurat dette arrangementet? Kanskje hengte Frøken Fres seg for mykje opp i dei som ikkje gadd komma med tilbakemelding, heller enn å fokusera på dei som faktisk stilte opp? Kankje vart det for mykje Frøken Fres og Frøken Frykt i staden for Frøken Fryd?
No er i alle fall Frøken Fryd letta og glad over at arrangementet er vel i havn.
No skal Frøken Fryd lena seg tilbake utan å ha ansvar.
No er Frøken Fryd "ferdig" for i år.
No kan Frøken Fryd berre bidra, supplera, ikkje vera motor.
Elsker det!
Herved erklæres det at det er tid for Frøken Fryd's nye guilty pleasure, nemelig Netflix og "Vampire Diaries". Totalt tanketom aktivitet som ikkje krever det spor engasjement.
Aaaahhhh....