 |
Fine Anita i god-prat med Tine K og fine Ingebjørg tar seg ein liten sofa kvil |
♥♥♥
FOR ei magisk helg eg har hatt, med finaste jentene!
Eg har altså vore i Bergen i helga på Interiør- og Boligmessa, med tre
skjønne - skjønne jenter. Åh, som me har ledd, smilt, fnist, sett, observert, gleda oss,
fryda oss, engasjert oss og nytt livet kvar time av helga!
♥♥♥
Alt var kjekt, og det var kjekt heile tida - I kid you not!
Til og med
før me hadde komt på hjul med Kystbussen frå Stord begynte latteren,
då var ei
av oss så uheldig å ta setet til ein litt surmaga, eldre
Stavanger-herre-mann... Oj oj, det
likte han ikkje gitt. Heldigvis var
det ei meget sjarmerande jenta som gjorde det, så det
løyste seg i
likaste laget, hehe.
♥♥♥
Når eg ser på bileta frå helga så ser eg lett kva for ein
stand som fenga mest - det er den einaste stand'en eg har tatt bilde av.
Det er vel ingen som er veldig overraska, av dei som kjenner meg og bloggen min,
at det var
AC Home sin stand som representerte Tine K. Anita som har vore heime hos Tine K,
i forbindelse med innkjøp til sin tidligare interiørbutikk, fekk ein long og god prat med
den fabelaktige designeren. Og me andre jentene stod stor augde og såg på,
litt med stjerner i augene og eg var stå star struck at eg ikkje eingong
fekk sagt: "Hi, my name is Eli and I'm a BIG fan!!"
♥♥♥
Me har budd på Hotell Norge som ligg super sentralt til, både med
tanke på Interiør- og Boligmessa i Grieghallen og shopping, shopping, shopping!
Me har gått maaaange kilometer denne helga, frå butikk til butikk, med store smil og
etterkvart også store handleposar. Me har spist godt og hatt det super sosialt.
 |
Fine Turid på AC Home sin stand. |
♥♥♥
Me har vore med på bloggfrukost, der Emmeline var konferansier. Det var
nydelig dekka med herlig innbydande smørbrød, deilige juicar, blide bloggarar, flott
pynta bord i ekte blogge-ånd. Til og med ein liten gje bort frå Kremmerhuset fekk me alle
saman. Det var loddtrekning med gåver frå Blafre og Løv Te og det som var mest
stas for meg var at Fru Fly var der, Emmeline var der, Kjerstis Lykke,
Forever Love, Bodil Bo, Den Gode Feen.
Det var rett og slett stort!
Og som om det ikkje var nok så inviterte Bodil Bo oss med
på bloggemiddag laurdag kveld på Zupperina. Oh joy! Det har vore så kjekt,
og dette kjem eg til å leva på lenge, leeeenge! Og veit dåke, dei store bloggerane;
Bodil Bo, Den Gode Feen og Fru Fly var heilt vanlige mennesker. Ingen kjendis fakter der
nei. Smilande og blide, imøtekommande og vennlige. Og morsomme!! Laurdag kveld
var kvelden for latter på latter. Høygravide Bodil Bo er ei sprudlande og varm og
utrulig morsom dame! Maten var nydelig, servicen var vel... tja...
kan me kalla den merkelig? Men prisane var absolutt
overkommelige. Og selskapet var jo fabelaktig!
♥♥♥
♥♥♥
Me har også møtt mange andre bloggerar, og som alltid så er det jo herlig å
sjå dei "live". Fin-fine Helene og Henriette frå bloggen
Snikkerbuo var me så heldige
å sitta saman med både på bloggfrukosten og på bloggmiddagen. For nokre herlige, engasjerte og blide
jenter! Også Tove frå
Rosemary and thyme hadde me gleda av å bli kjent med. Ho har tatt fleire flotte bilete frå messa som dåke kan sjå
her. Vart imponert over Tove som byrja
blogga for to år sidan etter tips frå sin far på over 80 år! Stein tøft!
Bildene i frå middagen vil eg ikkje visa, sjølv om det hadde vore kjekt
at dåke fekk sjå kor herlig me hadde det. Eg har ikkje spurt "dei store bloggerane"
om eg får lov. Så det tør eg ikkje. Det var jo litt "privat" setting i motsetning til blogg frukosten,
der var jo også pressa til stades. Me fortsatte til Dickens og fortsatte moroa før me svinga
innom "Deilige Luca" (som Deli de Luca vart omdøypt til)og snopa med oss
Oreo Kake og Pepsi Maxheim til rommet for å
fordøya kvelden og alle inntrykka.
♥♥♥
Då vil eg berre takka så mykje for turen, kjære-kjære Anita, Ingebjørg og Turid!
Tusen takk for at dåke spurte om eg ville vera med, no har eg ein stor porsjon med gode
opplevingar å møta hausten og vinteren med. Og det gav absolutt meirsmak!
Klem Eli
♥♥♥