tirsdag 8. juli 2014

Ferie raushet



Inspirert av min gode venn, Kirsti, kjem her nokre tankar omkring ferie.
Passande nok sidan eg offisielt har hatt ferie i 11,5 time no.


For meg har ferie vore raushet med tid.
Tid til å vera saman med dei eg bryr meg mest om.
Tid til å sova lenge.
Tid til å lesa ei bok midt på dagen.
Tid til å spisa frukost. Lenge.
Tid til å berre sitta heime i stova mi og sjå ut i lufta, om så er...

Eg var ikke i "syden" før eg var 35 år.
Barndommens ferie var hjå mormor og moffen.
Me køyrde halve landet, mange fine timar i bil.
Mamma stod opp tidlig og laga klar niste i den gule UHU bagen
(husker du den gule, sylinderforma UHU limen? Dette var reklame bag for den)
I den gule UHU bagen var det skjevemat; egg, majones, agurk og tomat.
Sikkert anna pålegg også, men dette var mine favoritter.

I bilen hadde mamma sitrondrops mot reisesjuke og Sorbits-tyggis.
Me høyrde på reiseradioen. Småbrødrene mine maste på at pappa 
skulle spinne og aller helst køyra forbi alle. Eg las om Britta og Silver.

Hos mormor og moffen fekk eg eit Norgesglas med 10-øringer.
Dei hadde moffen samla sidan forrige sommarferie.
Me gjekk i banken i lag og veksla dei inn og då var det mine feriepenger.
Om å gjera å disponere dei godt.
Me bada i strando, det var sjølvsagt alltid fint vær.
Eg leika med ferievennene mine.
Slik var vår sommarferie. Det var heilt topp.
Eg har gode minner!
På skulen fortalde me om ferien vår ved skulestart.
Det var ingen som skamma seg fordi deiras ferie var annleis enn andre sin.
Alle hadde sin vri, og det var greit.

Ferie er raushet av tid.
Ferie er annleis enn kvardag fordi eg ikkje bør, skal eller kan så mykje.
Ferie er forventning om sol.
Ferie er å gjera det beste utav ein regndag.
Ferie er duften av asfalt som får sitt første regnskyll etter mange soldagar.
(Eg bur på Vestlandet så me har ikkje mange av dei, dei er desto meir verdsatt).
Ferie er frekner. No ikkje lengre berre på nasen, men i flak.
Ferie er lyden av ein grasklipper. Dufta av nyslått gras.
Ferie er ein bukett med sommarblomar plukka på ei blomstereng,
eller kanskje frå hagen til dei naboane som har ferie. Neida. Joda. Neida.




Når blei egentlig ferie til noko negativt?
Når blei det skam å ha heimeferie?
Kvifor skal det vera skam å bruka pengar på charterferie?
Kvifor skal ikkje borna få lov til å fortelja om sine sommaropplevingar?
Kven bestemmer kva som er ok eller ikkje ok ferie?

Kven har skapt dette? Egentlig?

God sommar til deg! Enten du jobber, har fri, skal reise eller vera heime.
Riktig god sommar!